Mangfold

Ulike organisasjonsteoriar

Vel ein arbeidsplass som du kjenner ganske godt, for eksempel arbeidsstaden til eit familiemedlem, eller ein stad der du har hatt sommarjobb. Du kan også velje skolen din og prøve å sjå arbeidsplassen frå eit lærarperspektiv.

  1. Les kva Marx sa om framandgjering i industrisamfunnet på s. 193. I kor stor grad er arbeidsplassen du har valt prega av framandgjering? Grunngje svaret ditt.
  2. Les om organisasjonsteorien «scientific management» på s. 193 - 194. I kor stor grad er arbeidsplassen prega av Taylors tankar? Grunngje svaret ditt.
  3. Les om «Human Relations» på s. 194 - 197. I kor stor grad er arbeidsplassen prega av denne teorien? Grunngje svaret ditt.
  4. Rekk opp handa i klassen: Kor mange valde ein arbeidsplass i industrien, for eksempel ein fabrikk? Om det var spesielt få eller spesielt mange: Kva for årsakar kan det vere til dette? Har det noko med bustad å gjere, med kva for bakgrunn de har, eller med generelle trekk i samfunnet vårt?
Cappelen Damm
Cappelen Damm AS er ikke ansvarlig for innhold på eksterne nettsider